Ny teknologi i undervisninga
Då skulen var nyrenovert og ferdig påbygd,
hausten 2010, fekk elevane på ungdomssteget Smart Board-tavler på
dei nye klasseromma. No fylgjer elvane på mellomsteget etter. På
biletet ser De nøgde elevar som ivrig følgjer med når lareren
underviser med hjelp av ny Smart Board-tavle. 21.01.12..kkhz
"Barnevakten kjem på besøk
Torsdag 26. januar frå 18.30 og ca. 2 timar framover, inviterer vi
foreldre/føresette til møte på skulen. Vi får besøk av "Barnevakten"
som skal ta føre seg emnet digital mobbing. Sjå eigen invitasjon
her. Vi håper på godt
oppmøte til eit viktig tema.
12.01.12..kkhz
Dans,
song og spel
l dag, onsdag 14. des. hadde elevane ved
Kulturskulen si årlege førjulsframsyning her på skulen. Elevar frå
barneskulen framførte eit breitt spekter av innslag. 1.-7. klasse
var heldige inviterte. Vi fekk oppleve dans song og mange ulike
instrument. Flinke var dei.
14.12.11..kkhz
Juleverkstad
Tysdag 13.
desember hadde elevane på mellomsteget ein kjekk dag på
juleverkstad. Det vart baka julekaker, laga nissar og andre
spennande ting som, kanskje, ligg under juletreet om vel ei veke.
14.12.11..kkhz
Gardsbesøk
Tysdag 29. nov. var 3. klasse på besøk til Valldal Samdrift på
Hjelme. Vi vart godt tatt imot og fekk mykje informasjon om fjøsen
og dyra der. Elevane var interesserte og følgde godt med. Dei hadde
mange spørsmål som dei fekk svar på. Det var stor stas å sjå
mjølkeroboten og følgje med på kor mykje mjølk kvar ku produserte.
Kjekt var det også å gå i fjøsen saman med kalvane og kyrne, klappe
på dei og gi dei mat. Takk til gjengen som tok mot oss!
HER finn du bilete frå
besøket.
07.12.11..kkhz
Teaterverkstad
Elevane i 3. og 4. kl fekk fredag 18. nov. ein dag fylt av leik og
dramatisering. Olla Rypdal kom med "Det blå egget" frå kultursekken
i Møre og Romsdal. Meir om dagen og bilete på
småskulen si nettside.
21.11.11..kkhz
Elevane fekk framført
eksempel på tradisjonsmusikk både frå eige land og
Skottland når Anne Sofie Linge Valdal besøkte
skulen sist onsdag. Det vart ei oppleving både for lærarar og
elevar. På bilde ser du
elevar som får prøve ulike instrument etter
konserten saman med Anne Sofie. Vi har fått med oss at ho er med i
ei gruppe
musikarar, Fribo, som deltek i finalen til Scots Trad Music Awards i
kategorien Best Scottish Folk Band 2011. På
www.fribo.co.uk kan du lese
meir om gruppa "Fribo".
17.11.11..mk
Opning av skulen
Onsdag 19. oktober klokka 12.00 vart Valldal skule offisielt opna
etter bygging og renovering. Takk til alle som kom og gjorde dette
til ei fin markering. Bilete frå dagen
her.
03.11.11..kkhz
Refleksmarsj
Torsdag 13.okt hadde småskulen refleksmarsj. Dette
er eit årleg arrangement for å setje fokus på bruk av refleks. Vi
selde mat og kaffi for å skaffe pengar for å betale for dei to
fadderbarna
småskulen har. Vi fekk inn vel 6000 kr. Dette synest vi er veldig
bra. Kvelden vart avslutta med tur på Bedringens veg. Der var det
hengt ut bokstavlappar som skulle "puslast" saman til haustferie.
Det vart trekt to premiar i kvar klasse. Dagen før hadde første
klasse fått utdelt refleksvestar som helselaga i Valldal og Fjørå
gir. Bilde frå refleksmarsjen finn du
HER.
19.10.11..kkhz
|